navigering Biografi Galleri Fornøyde kunder Messer jeg skal på Aktuellt akkurat nå Møt meg på facebook




Litt om meg sjølv



Født på Bolstadøyri i Voss komune i 1955. Voks opp her på eit småbruk med sauer. Flytta til Bergen i 1980. Eg er gift og har to born. Frå april 2013 vart eg 100% sjølvstendig næringsdrivande handverkar. Eg hadde då jobba 17 år som sekretær og kasserar i Hordaland Husflidslag.

Forutan framhaldskule og gymnas har eg gått tre år på husflidsskule med hovudvekt på saum, forming og vev.
Har jobba som husflidskonsulent i Norges Husflidslag i 7 år. I 1981 var det i denne jobben eg kom i kontakt med teknikken toving.

Sidan har eg drive mykje utprøving innanfor teknikken på eigenhand, men etter eit kurs på Hamar i 1993 fekk eg eit lite innblikk i dei store mulighetene innan teknikken.

Eg har hatt mange kurs både for barn og voksne, bl.a. på Holmen Gård, Norges Husflidslag sitt kurssenter.

I 1998 var eg med og gav ut boka "Fanatrøyer". Ein studiering på 6 personar arbeidde med bokprosjektet i over ti år før utgiving.

Våren 2001 tok eg eit 30 studiepoengs kurs i faget "Drakt og samfunn" og i 2002 bygde eg på med "Vestnorsk Kultur og Tradisjonsformidling" ved Vestnorsk kulturakademi dette og på 30 studiepoeng. Eg har seinare vore med og utvikla studie "Tekstilkultur" på Vestnorsk Kulturakademi. Dette studiet gjennomførde eg i 2008 og fekk nye 30 studiepoeng.

 

 

Eg har spesialisert meg på hatter, og som fylgje av dette er eg sjølv blitt ein ivrig hattebrukar. Eg brukar mest norsk ull som er ferdig farga og karda frå Hillesvåg Ullvarefabrikk. Som dekor brukar eg strikk som jeg tover inn. Perler, knappar og glidelås er og mykje brukt.
Eg har også i den seinare tid brukt ein del hestetagl i kolleksjonane, dvs hår frå halen til hesten, som dekor.
Metall fra brus og øl boksar er det siste nye innen dekor. Små pilefletta dekorar har eg ogå prøvd meg på.
Forruten hatter lager eg sjal som ein kan bruka i sammen med hattene.

Eg sel hattane og sjala for det meste på messer rundt om i nærmiljøet, men også i Jondal (Handverksmessa ), Nesbyen (Kjerringtorget), Røros (Rørosmartnan), Stavanger (PWC,Sola), Berkåk (Rennebumartnan) og Trondheim blandt annet, men eg har også vore med på mange utstillinger og lignende, bl.a.
  • "Flid og flørt", ein vandreutstilling i anledning 100 års jubiléet til Hordaland Husflidslag, Sogn og Fjordane Husflidslag og Husfliden i Bergen i 1994.
  • Hattens Dag i Bergen i åra 1994-1998.
  • Hansadagane i Visby på Gotland i 1998.
  • Haustutstillinga til Husflidshåndverkarne og Norges Husflidslag i Oslo i 1998.
  • Separatutstilling i Balestrand Kunstlag i 1998.
  • Utstilling på Munkholmen i Trondheim av Husflidshåndverkerne Trondheim i 1999.
  • Coltural Arts Council Colorado, utstilling for Husflidshåndverkerane i Hordaland i 2001.
  • Kongelig Gjestebud, ein juriert utstilling av Norges Husflidslag i Stavanger i 2002.
  • Separat utstilling i Tingvoll Kunstlag i 2003.
  • Delteke på jule-salgs-utstillingan til Sundalsøra Kunstlag i 2003.
  • Sommerutstilling på galleri Dåm i Rauland 2005.
  • Nominert til Solsikkeprisen 2006 på Kjerringtorget, Nesbyen. Det var 220 utstillarar. "Solsikkeprisen vert kvart år delt ut til eit eigenprodusert produkt med stort potensiale, som juryen har tru på, eit produkt med utviklingsmuligheter, gjerne med tradisjonelle materialar brukt på ny kreativ måte."
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2006 fekk eg to 2.premiar i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • Vart tildelt Diplom for beste utstillar på husflidsmessa i Florø 2006.
  • Fekk tildelt Norges Husflidslags "Diplom for godt arbeid" under husflidsmessa i Florø 2006.
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2007 fekk eg ein 2. og ein 3. premie i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • Fekk tildelt Norges Husflidslags "Diplom for godt arbeid" på Handverksmessa i Jondal 2008.
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2008 fekk eg to 1. premiar i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • Separatutstilling i Balestrand Kunstlag i mai 2009 sammen med Unni Woldvik som har glass-bilde.
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2009 fekk eg to 1. premiar i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • Månadens håndtverkar i mars 2010 i Husfliden i Bergen AS i tilknyting til Norges Husflidslags 100 jubileum.
  • Separatutstilling av hatter og sjal på Voss Folkemuseum, Mølstertunet.
  • Utstilling for medlemar av Handverkarlag i Norges Husflidslag på Grand Hotell i Oslo i høve 100 års markeringa juni 2010.
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2010 fekk eg tre 1. premiar i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • På Husflidstevlinga på Dyrsku'n 2011 fekk eg to 1. premiar i kategorien Tekstil, klasse Håndtverk.
  • Nominert til prisen "Årets motebutikk 2011" under Fashion Awards Bergen 2011.
  • April 2012 utstilling i Fana Kulturhus, Nesttun saman med kunsthandverkarane Aud Lavik og Kristin Selboskar. "Vesker, Hattar og smykker".
  • September 2012. Deltok på Høyanger Kunstlag si haustutstilling.
  • August 2013. Mottok Handverksprisen 2013 under Kystkulturdagane i Lysøysund.

Eg er registrert som sjølvstendig næringsdrivande, og er medlem av Norske Husflidshåndverkere .